257684 257684

Kan bakteriar bæsje?

Unni Vik

399,-
Varenr: 10205
"Kan bakteriar bæsje?" er ei morosam faktabok som inviterer lesaren til å vere med på å utforske bakteriane rundt oss. Gjennom små historier og fakta kan barna sjølve svare på opne spørsmål undervegs i boka. Målet er ikkje å gi barna eit fasitsvar, men at dei skal bli engasjerte og få lyst til å lære seg meir om bakteriar.
Antall: ():
-+
3 På lager
Beskrivelse
Beskrivelse

Boka kan lesast høgt for barn frå tre år og oppover, men passar for alle som ønskjer å bli betre kjende med organismane som har vore på jorda lengst av alle. Ho gir innblikk i bakteriane si forunderlege verd og viser kva dei betyr for helsa vår og naturen rundt oss.

Unni Vik har doktorgrad i mikrobiell økologi (sopp og bakteriar) og forskar på barns tilknyting til natur. Dette er den første boka hennar.

 

Illustratør: Tiril Valeur
Papirbok
Utgivelsesår: 2022
40 sider
1. utgave